Skip to main content

Varm Catwalk og God Flyt

Kskjørt syner fram mange av fargane som finnes på desse lune skjørta – Det heile starta med koksgrå, svart og grå. No er det fargar som oker, petrol, rosa, raud, blå, fuksia, natur og burgunder. Det er veldig artig å sy dette og her finn du nok ein favoritt

Det er laga overdelar i 3 variantar og dette er også i alle desse fargane. Oversize overdel med stor krage etter inspirasjon frå Vitabella, ein Luhkka – lookalike og så ein fantastisk omslagsjakke etter inspirsasjon frå Aud Hjelle Design, så den vert kalla Hjellejakken. Hjellejakken er laga av restar frå resten av produksjonen, ein lappeteppejakke, veldig artig å sy!


Sidan sist er det også laga lårings – dette er lange leggvarmerar som går til låret! Kan du tenkje deg noko betre? Dette er utruleg godt på kalde dagar og veldig fint til skjørtet

Laurdag 14.mars, saman med Siri Spillum, forfattar og coach, vil ho snakke om det å vera i flyt, det å ha mogleheiter og gripe den! Er du «flink pike» – kva er jantelova for deg? Ho har over 30 års erfaring som coach og kjem til Tromsø for å dela av sin kunnskap og la dette smitte over på DEG. Du får hennar siste bok med i inngangsbilletten –

Kort frå omtalen av boka «Kanskje er det noe du vil finne som har blitt oversett over år, kanskje en justering eller til å finne noe nytt som gir deg frisk pust og nye vyer. Unn deg en personlig oppussing ! Det er mogleg å bestille samtale og vinne samtale!

Me inviterar saman til 2 timar på Amtmandens’ laurdag 14.mars 14.00-16.00

Set av datoen, send ein epost til post@kskjort.no og meld deg på. For å sikre deg billetten, vippsar du 390,- til 532 884.

SÅ: Håpar du er klar for å møtes denne laurdag!
Me ynskjer deg varmt velkomen!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *