Skip to main content

Rørosmartna’n

Tenk at det klaffa slik i år!
Sit på Værnes og ventar på toget til Røros- Eg elskar tog. Soli skin ute og det er minus 6 her i Trondheim . På Røros er det meldt minus 18 – det er halvparten av 32, som var temperaturen då eg bestilte turen.

No er eg spent – sist eg var på Røros var med mamma og pappa, . men eg hugsar ingenting av det. No vert det stand i «gata» – yrande folkeliv og hest og slede. Alle eg snakkar med om Rørosmartna’n har noko godt og bra og fortelje om martnan, og det er veldig kjekt. Kjenner at forventningane stig, sjølvsagt –

Når ein er i flyt går tida fort og vipps er to koffertar fyllt med deileg ull i mange fine fargar OG eg måtte te teste det nye skjørtet i i fotsid lengde – Dét var berre heilt fantastisk å ha på seg, så det skal på desse dagane. Det er altså ein etterkvart fin kolleksjon med skjørt, mange fine fargar og i alle storleikar som varmar oss damer der me frys mest!

Min faste overdel er også med – Vitabella – oversize overdel, denne er så romsleg at eg får plass til mange lag under –

Sjølsagt har eg halsar i ulike fargar , gode faste halsar som ikkje sig ned. Går litt ned på brystet og lunar både på rygg og bryst –

Lårings – ? Veit du ikkje kva dette er ? Dette er det supre tilskotet i år – rett og slett leggvarmerar som går til låret og SUPERT til Kskjørt skjørt – med dette held du deg varm og god kan eg love! Desse kjem også i fine fargar

Eg gler meg til å møte deg på Røros – kom gjerne innom for ein kikk eller prat og kanskje prøve eit ullskjørt? Eg har iallefall ikkje tentkt å fryse og det slepp du også med lag på lag.

Så… har me ein avtale?

Klem Kristine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *