Sol og snø
No har eg budd i Tromsø i 14 år, trur dette er den vinteren med minst snø – og ja – da «vi veit kor vi bor» Det er jo i mars og april at me får rekordane på snyen, så det er berre og smørje seg med tålmod – men – det har vore ein kjedeleg vinter turmessig!
I går var dagen! Då hadde me sol frå skyfri himmel og det var gode spor både opp og ned i bakgården – det var kjekt med ein luftetur, og soli varma! Idag – skulle ikkje tru det var same tidsline – men her er snø og bles og brått farevarsel 3. Mottoet lyt vera – gjer det du kan idag og ikkje utset til i morgon 🙂
Medan ein er inne kan ein jo ta seg eit tastetrykk innom sida 🙂 Her er det nytt ullstoff på veg og det skal bli fine pastellar til påske – og du , nye halsar fann eg ut måtte til – Heilt fantastisk. Glir ikkje ned ! Og god og tett – dét kan ein trengje idag!
God torsdag !
I morgon ber det til Narvik og Vinterfestuka 🙂

Ein petrol melert variant.
Du finn den her Kskjørt hals petrol melert – Kskjørt