Skip to main content

Vinter og sludd

Eg bur på Kvaløysletta, ein stad ein skulle tru det er rikeleg med snø og stabil vinter –

Skulle ynskje det var så vel – det er vel klimaendringane – det er iallefall så langt meir regn og is enn snø og godt vinterføre.

Så, når det endeleg var opphald søndag var det mange som gjekk til fjells for å nyte dagen, og det var deileg. Fint å gå i trakk og fint og sjå køyrarar susa nedvoer og svinge seg litt. Ungar med slalom i sekken og langrenn på tur opp saman med foreldre, og på toppen var det Kiting på gang.

Utsikta er det jo aldri noko å sei på og soli er tilbake, så det gledes med sol og pudder.

Har laga ein ny hals og måtte teste om den var for tett å gå i, men det var ikkje det – ull altså. Denne er så enkel, og så smart, og lun. Eit stykke på bringa og eit på ryggen og ein god brett som er stødig og som stoppar vind og blest. Heilt perfekt. Snart i mange fargar i nettbutikken.

Klem Kristine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *