Skip to main content

Starten…

In the beginning ….

Ja – kvar skal ein starte? Kanskje med det første- ? Eg har alltid likt å halde på med ting, prosjekt, skape noko, lage mine ting og ferdigstille og vonleg ha noko som er solid og brukbart. Ei stund var det puter, ei stund var det lamper – limte på og fargela og lagde unike lamper – gamle staurar vart brukt. Idéen om ha noko praktisk er nærliggande.

Så er eg glad i å gå på tur – gjerne fjelltoppar, både til fots og på ski – Eg er glad i turar i fjøra med bål og grilling og har sete timesvis ved sandkassen. På eit tidspunkt vart det ikkje alltid så enkelt å hugse noko å sitje på. Til fjells vart eg ofte kald og tenkte at dette måtte eg løyse. Prøvde å så bobleskjørt av gamle jakkar men det var ikkje så lett. Så seier ei veninine «Du – som er så glad i ull – kvifor ikkje lage eit skjørt i ull»…. ei vakker natt datt designet ned i draumane mine og voilà – der sat det.

No er det tredje sesongen med skjørt i kokt ull. Designet er enkelt, men chic – og kva er vel betre enn eit arctic chic skjørt i den arktiske delen av verda? Skjørtet har utvendige saumar, ein på midten framme og i sidene. Det er ikkje tilsett noko anna, så det er enkelt å dra på og av, med skisko eller tursko. Løysinga for kalde rumper var komen, og etter dette har eg aldri frose meir på rumpa. Eit lite stykke Noreg til fjells, eller ved bålpanna – eit vandrande sitjeunderlag.

No syr eg i mange fine fargar. I starten var det mykje jordfargar, men eg ser at folk er glade i fargar – og det er eg og. Ingen av oss er A4, så her er storleik frå XS til XL, og eg syr sjølvsagt på mål. Denne sesongen har laga mest av det.

Er du også glad i å vera ute? Friluft – ved fjorden eller på fjellet? Eller vil du berre ha noko som lunar over longsen på hytta? Vel – då er kan du sleppe å leite – for skjørtet er berre eit klikk unna.

God tur då!

Hugs å meld frå kvar du går 🙂

Klem Kristine

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *